Terapeutisk

energibehandling

Terapeutisk energibehandling er ei roleg og nærverande behandling med fokus på avslapping, balanse og velvære for kropp og sinn.

Gjennom energiarbeid, nærvær og eventuelt lett berøring får du moglegheit til å roe ned, sleppe spenningar og vende merksemda innover. Behandlinga blir tilpassa deg og dine behov, og kan vere ei god stund for å finne ro og gi deg sjølv eit lite pusterom i kvardagen.

Du treng ikkje å gjere noko spesielt – kom som du er, og gi deg sjølv tid til å lande.