TFT

Terapautisk

tapping

Terapeutisk tapping - meridianbehandling er ei roleg og nærverande behandling med fokus på balanse, avslapping og velvære for kropp og sinn.

Gjennom lett trykk, massasje og stimulering av utvalde punkt på kroppen, med utgangspunkt i meridiansystemet frå tradisjonell kinesisk medisin, får du moglegheit til å roe ned og vende merksemda innover. Behandlinga blir tilpassa deg og dine behov, og kan vere ei god stund for å sleppe spenningar og finne meir ro i kroppen.

Du treng ikkje å gjere noko spesielt – kom som du er, og gi deg sjølv tid til å lande og kjenne etter.

For best mogleg utbytte av behandlinga anbefaler me ein serie på 5 behandlingar à 60 minutt.